Undersøking hjå tannlegen

Det vert anbefalt at ein får undersøkt tenner og munnhole hjå tannlege eller tannpleiar regelmessig. Kor ofte varierer frå person til person, men for dei fleste vil det vere tilstrekkeleg med ein gong kvart år.

Klinisk undersøking

Ei undersøking medfører ein grundig kontroll av tenner og tannkjøt. Tunga, slimhinnene i munnhola, samt kjeveledd og tyggjemusklar vert undersøkte. Slik kan ein kartleggje behandlingsbehovet til pasienten, og lage ein behandlingsplan ut frå dette. Ei klinisk undersøking er likevel ikkje nok til å avdekkje alle typar sjukdom i munnhola.

Røntgenbilete

Tannlegen må difor vurdere behovet for å ta røntgenbilete i samband med undersøkinga. Røntgenbilete vert nytta for å diagnostisere sjukdomar i dei delane av tennene som ikkje er synlege i munnen. Samstundes kan bileta avdekkje patologi i kjevane. Døme på slike sjukdomar kan vere hol under gamle fyllingar eller kjevecystar. Ved å samanlikne røntgenbilete som er tekne over fleire år, kan ein vurdere om ein tilstand (til dømes eit byrjande hol) har utvikla seg eller ikkje. 

Det finst ulike typar røntgenbilete. Ved ei regelmessig undersøking nyttar ein vanlegvis såkalla «bitewings». Bitewings gjev tannlegen informasjon om hol i tennene, byrjande hol og kvaliteten på gamle fyllingar. Dei kan òg seie noko om festet til tennene og avdekkje teikn til periodontitt (tannlosningssjukdom). Ved behov kan ein supplere bitewingbileta med andre småbilete (til dømes rotbilete) av avgrensa område.

Viss behandlingsbehovet er særleg stort kan ein nytte panoramarøntgen (OPG), som er ein type oversiktsbilete. OPG kan òg vere ein fordel ved planlegging av implantatbehandling, eller viss ein skal operere ut visdomstenner. Panoramabilete er som regel ikkje like detaljerte som dei vanlege røntgenbileta. Difor kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å supplere med slike. 

Dagens teknologi gjer at stråledosen som ein blir utsett for ved røntgenopptak er svært liten. Dette gjeld både for vanlege røntgenbilete og panoramarøntgen. Ein vurderer det difor ikkje som nokon helserisiko å ta røntgenbilete, heller ikkje for born eller gravide. Likevel må ein hugse på at det er frivillig å ta røntgenbilete. Viss ein vel å la vere, kan resultatet bli at tannlegen ikkje kan gjere ei god nok undersøking av tennene.

Fjerning av tannstein, puss og polering

Etter undersøkinga er det vanleg at tannlegen eller tannpleiaren fjernar tannstein og misfarging frå tennene. Tannstein består for det meste av kalkstoff frå spyttet som vert avleira og legg seg på tannflata som eit hardt belegg. Det sit så godt fast at det er nærast umogeleg å fjerne med tannbørsten på eiga hand. Mykje av det me inntek i det daglege kan misfarge tennene. Dette gjeld til dømes kaffi, te, røyk, snus og raudvin. Slike misfargingar legg seg som eit mørkt belegg på overflata til tennene og kan vere vanskelege å fjerne sjølv. 

Tannlegen eller tannpleiaren har derimot mogelegheit til å fjerne både tannstein og overflatiske misfargingar ved å reinse, pusse og polere tennene. Tannsteinen vert anten fjerna med maskin eller ved å skrape den vekk med håndinstrument. Misfargingar kan ein polere vekk med ein spesiell pussepasta som inneheld ekstra slipemiddel. Alternativt går det an å nytte saltblåsing for å fjerne misfargingane.