Om oss

Luster tannklinikk stod i 2018 klar til bruk. Her skal det kjennast trygt og godt å kome inn dørene. Det er strenge krav til blant anna hygiene, dokumentasjon og personvern. Nokre er av ulike årsaker engstelege for tannbehandling og vi har ekstra omsut for dykk. Dette er ein tannklinikk primært for vaksne betalande pasientar, og vi tilbyr dei fleste typar tannbehandlingar.  Ved omfattande og kompliserte kasus henviser vi til spesialistar i Sogndal, Førde og Bergen. Du skal til ein kvar tid kjenne deg trygg på at du får den beste behandlinga for deg. Velkomen skal du vere!

Anne Lene Sygna Halleråker

Anne Lene er tannlege og medlem av Den Norske Tannlegeforening og vart uteksaminert ved Universitet i Bergen i 2006, og opparbeidd seg brei klinisk erfaring i både privat og offentleg praksis. Ho stortrivst med å behandle tenner og kommunisere med pasientane, og har gjerne litt ekstra sut for dei som kvir seg for å få tannbehandling.

Veronika Kalhagen

Veronika Kalhagen frå Hafslo vart tilsett hjå oss i 2020. I tillegg til å ha jobba som tannhelseassistent har Veronika brei erfaring frå serviceyrket og innan helse og omsorg. Denne kompetansen kombinert med hennar personlegheit kjem både kollegaer og pasientar til nytte. Veronika er imøtekomande og omgjengeleg, og er også ein av dei du møter under behandling eller i resepsjonen.

Monica Beate Svendsøy

Monica er tannhelsesektretær og var ferdig utdanna frå tannhelsesekretærlinja i Drammen i 1993. Sidan den gang har ho jobba offentleg i Luster og Gaupne, og dermed opparbeidd seg lang erfaring i å handtere pasientar i alle aldersgrupper og fasar i livet. Ho er den blide stemma og andletet de oftast vil møte i resepsjonen eller i telefonen hos oss.

Sissel Kristiansen Brun

Sissel er tannpleiar, vart uteksaminert i Oslo i 1985 og er medlem av Norsk Tannpleierforening. Hennar lange erfaring, samt ro og tryggleik som person kjem både pasientar og kollegaer til gode. Ho undersøker tannkjøtet og tennene dine, tek røntgenbilder, pussar og rensar. Tannpleiar og tannlege samarbeidar om vidare behandling dersom det er behov for det.