Informasjon før behandling

Tanntrekking eller kirurgisk fjerning av tann

Det kan vere fleire årsaker til at ei tann må verte fjerna. På grunnlag av ei klinisk undersøking og røntgenbilete kan tannlegen vurdere om ein kan trekkje tanna på vanleg måte, eller om ein må operere den ut. Inngrepet skjer i begge tilfelle med lokalbedøving. Dersom ein må operere tanna ut, vil ein brette tannkjøtet til sides, fjerne naudsynt kjevebein og dele tanna opp etter behov. Ein avsluttar behandlinga med å reinse såret og setje nokre sting etter behov.

Etter inngrepet:

Når bedøvinga går ut (etter 3–4 timar), kan du oppleve noko smerte i området. Du vil difor få smertestillande tablettar eller resept på smertestillande tablettar med deg.

Det er tilrådd at du tek det med ro dei første dagane etter at tanna er fjerna. Unngå difor hardt fysisk arbeid, trening og liknande i denne perioden.

I dagane etter inngrepet kan det kome hevelse, og du kan ha vanskar med å gape.

Komplikasjonar

Alle kirurgiske inngrep medfører ein liten risiko for komplikasjonar. Døme på slike komplikasjonar er forlengd blødingstid eller smertefull etterbetennelse i kjevebeinet.

Når ein får fjerna ei visdomstann i underkjeven, kan ein verte nomen i leppa og halve tunga. Dette skjer svært sjeldan (ved mindre enn éin prosent av operasjonane) og går vanlegvis over av seg sjølv.

Ein sjeldan gong kan ein oppleve at å fjerne ei tann i overkjeven fører til at det vert ei lita opning inn til bihola. Du vil i så tilfelle verte informert om dette og få naudsynt behandling.

Alle kirurgiske inngrep medfører ein liten risiko for komplikasjonar. Døme på slike komplikasjonar er forlengd blødingstid eller smertefull etterbetennelse i kjevebeinet.

Når ein får fjerna ei visdomstann i underkjeven, kan ein verte nomen i leppa og halve tunga. Dette skjer svært sjeldan (ved mindre enn éin prosent av operasjonane) og går vanlegvis over av seg sjølv.

Ein sjeldan gong kan ein oppleve at å fjerne ei tann i overkjeven fører til at det vert ei lita opning inn til bihola. Du vil i så tilfelle verte informert om dette og få naudsynt behandling.

Generell helse

For å gjere inngrepet så trygt som mogleg er det òg viktig med oppdaterte helseopplysingar. Ver venleg å gje beskjed om

  •  medisinbruk
  •  sjukdomar
  •  allergiar
  •  unormal blødingstendens
  •  tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling 
  •  graviditet
  •  angst for tannbehandling

Informasjon etter behandling

Etter tanntrekking er følgjande tilrådd:

  • Ha ein steril kompress mot såret i 20–30 minutt etter operasjonen.
  • La såret vere mest mogleg i ro. Ikkje ta borti med fingrane eller tunga.
  • Ta første smertestillande tablett innan 30–45 minutt etter operasjonen, før bedøvinga går ut. Svelg med vatn.
  • Vent minst 2 timar med å ete/drikke. Tygg maten på motsett side dei første dagane.
  • Vent 6–12 timar med å røyke. Røyking påverkar lækingsprosessen negativt.
  • Unngå kraftig munnskyljing dei første to–tre døgera.
  • Unngå å anstrenge deg for mykje (tung løfting, trening osv.) dei første dagane.
  • Unngå tannbørsting i operasjonsområdet den første veka. Elles pussar ein tennene som vanleg.

Etter kirurgi er dette i tillegg tilrådd:

  • La operasjonsområdet og stinga vere mest mogleg i ro.
  • Skyl munnen med klorhexidinløysning (t.d. Corsodyl, Paroex, Hextril) morgon og kveld i éi veke. Skyl ut tannkremrestar før du nyttar klorhexidinløysning.

Smertestillande tablettar:

Ein kan forvente noko smerte og hevelse etter inngrepet. Det er tilrådd at du tek smertestillande tablettar slik:

Milde til moderate smerter: Ta 2 tablettar Paracet 500 mg. Gjenta ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger.

Moderate til sterke smerter: Ta 1 tablett Ibux 600 mg + 2 tablettar Paracet 500 mg samstundes etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa ved behov med 5–6 timars mellomrom. Maks 4 dosar per døger. (Merk: Ikkje ta Ibux om du er gravid eller har magesår.)

Sterke smerter: Ta 1–2 tablettar Paralgin forte eller Pinex forte etter ca. 30–45 minutt. Gjenta doseringa med 4–6 timars mellomrom. Maks 8 tablettar per døger. (Merk: Ikkje køyr bil når du bruker Paralgin forte / Pinex forte.)

Normale reaksjonar etter kirurgiske inngrep i munnen:

Bløding: Det er normalt at det blør lett frå såret det første døgeret. Ikkje skyl med vatn, men legg på ein steril kompress i om lag 20–30 minutt. Det er tilrådd at ein bruker ei ekstra hovudpute den første natta. Ved kraftig bløding eller bløding som varer meir enn eitt døger, ta kontakt med tannklinikk/legevakt.

Hevelse og blåmerke: Hevelse etter operasjonar er vanleg, og er ofte størst etter to–tre dagar.
Hevelsen forsvinn vanlegvis i løpet av ei veke. Det er heller ikkje uvanleg med blåmerke på huda over operasjonsområdet. 

Smerter: Etter at bedøvinga går ut, vil ein kunne forvente noko smerte dei neste 6–12
timane. Normalt minkar smertene gradvis i løpet av dei første to døgera etter inngrepet. Enkelte vil oppleve at smerter etter operasjonar i munnen er verst etter to–tre døger, og at desse varer i ei veke eller lenger. Dersom smertene varer i meir enn éi veke, er det tilrådd å ta kontakt med behandlaren eller anna kunnig personell for ein kontroll. Bruk smertestillande medikament som tilrådd. Legg gjerne eit kaldt omslag eller ein ispose på kinnet dei første timane etter operasjonen. Unngå å leggje is direkte på huda.

Vanskar med å gape: Det kan oppstå stivleik i tyggjemuskulaturen, som gjer det vanskeleg å opne munnen heilt. Dette gjev seg normalt etter éi til to veker. Du kan forsøke tøying/gapetrening, men dersom du slit med å gape etter to veker, bør du gå til kontroll eller tilsyn hjå behandlaren eller anna kunnig personell.

Eventuelt:

• I nokre tilfelle vert det lagt ein liten tøybit med antibiotikasalve i operasjonssåret. Denne skal normalt verte fjerna etter eitt døger. Viss ein ikkje klarer dette sjølv, bør ein kontakte tannlegen.

• Eventuelle sting skal normalt verte fjerna hjå tannlegen etter om lag ei veke.

NB! Dersom smertene aukar etter eitt til to døger, kan det kome av betennelse i kjevebeinet. Ein bør difor ta kontakt med tannlegen dersom noko kjennest unormalt, eller om ein har spørsmål.