Syreskadar

Syreskadar på tennene er eit aukande problem i dagens samfunn. Kosthaldet har endra seg, og både mat og drikke kan innehalde skadelege syrer. Hyppig inntak av brus, juice og sportsdrikkar kan over tid gje store skadar på tennene. Det same gjeld for ulike typar frukt, til dømes sitrusfrukter.

Typiske teikn på syreskadar er

  • tynnsliten emalje
  • ising i tennene
  • hakk/groper i emaljen
  • tenner med gulare felt og mattare overflate

Syreskadar er permanente, og det er difor viktig at dei vert oppdaga tidleg. Då kan ein setje inn tiltak for å hindre alvorlege skadar på tennene.

Her følgjer nokre generelle råd om korleis ein kan beskytte tennene mot syreskadar:

  • Unngå småeting mellom måltida.
  • Avslutt måltidet med basiske matvarer som t.d. ost eller mjølk.
  • Drikk mindre brus, juice og syrehaldige sportsdrikkar.
  • Det kan vere lurt å skylje munnen med vatn etter inntak av syrleg mat og drikke.
  • Vent ein time med å pusse tennene etter inntak av syrleg mat og drikke.
  • Bruk mjuk tannbørste, og ikkje børst for hardt.
  • Skyl regelmessig med fluor. Fluor vil styrkje emaljen og førebyggje vidare skadar.

Hyppige sure oppstøytar og eteforstyrringar som medfører oppkast, kan gje syreskadar på tennene. Om du lid av dette, bør du ta opp dette med fastlegen.

Omfattande syreskadar der mykje emalje er gått tapt, kan vere kostbart å reparere. Det er difor lurt å vere tidleg ute og stogge utviklinga av desse skadane.