Snusbruk

Dei seinare åra har talet på røykarar gått ned i Noreg. Samstundes har ein sett ein kraftig auke i snusbruk. Snus inneheld mange kjemiske stoff, mellom anna nikotin, som vert tekne opp i kroppen gjennom slimhinna der snusen ligg.

På same måte som røyketobakk gjer snus at brukaren vert avhengig, og det kan vere like vanskeleg å slutte å snuse som å stumpe røyken. Snus består av særeigne sortar tobakk som er tilsett mellom anna vatn, salt og ulike smaksstoff. Mange av dei kjemiske stoffa i snusen kan vere kreftframkallande.

Skadar ved snusbruk

Slimhinna der snusen ligg, reagerer ved å verte raud og irritert. Etter lengre tid med fast snusing vert slimhinna kvitleg, fortjukka og rukkete. Om ein sluttar å snuse, vil desse forandringane normalisere seg etter ei tid.

Tannkjøtet kan òg verte påverka av snusbruk. Etter kvart kan ein sjå at tannkjøtet dreg seg attende og etterlet seg ei blottlagd rotoverflate der snusen ligg. Sjølv om ein sluttar å snuse, vil tannkjøtet ikkje kome på plass igjen. Dette er altså ein permanent skade.

Når det gjeld tennene, vil desse kunne verte misfarga som følgje av snusing. Både sprekkdanningar i emaljen og overgangen mellom tenner og fyllingar er stader der fargestoffa frå snusen vil kunne setje seg og bidra til eit skjemmande smil.

Påverknad på generell helse:

Undersøkingar viser stort sett at snusing er mindre skadeleg enn røyking. Det er likevel grunn til å ta snusrelaterte helseskadar på alvor. Mellom anna har ein funne at snusbruk aukar risikoen for høgt blodtrykk.

Nikotinet frå snusen får blodårene til å trekkje seg saman, samstundes stig pulsen. Dette gjer at blodtrykket stig. Allereie etter få år med snusbruk kan det auka blodtrykket verte vedvarande.

Det er òg undersøkingar som har funne auka risiko for diabetes type 2 og hjarteinfarkt ved langvarig bruk av snus. Det tyder vidare på at ein aukar risikoen for å utvikle kreft i munnhola, matrøyret og bukspyttkjertelen dersom ein snusar. Dette kan vere alvorlege kreftformer med høg dødelegheit.