Reinfisert rotfylling

Kva er ei rotfylling?

Inne i tanna er det eit holrom med nervar og blodkar som vert kalla pulpa. Ei rotfylling inneber at pulpa vert fjerna og erstatta med eit bakterietett materiale. Behandlinga strekkjer seg vanlegvis over minimum to tannlegebesøk. Sjølve inngrepet skjer med lokalbedøving og er vanlegvis smertefritt. Etter at tanna er ferdig rotfylt, kan den byggjast opp att. Dette gjer ein med ei tannfarga fylling eller ei keramisk krone (porselen).

Reinfeksjon av ei rotfylling

Ei rotfylt tann er ofte svekt på grunn av store fyllingar og lite attståande tannsubstans (fig. I). Som resultat vil ei rotfylt tann ha høgare risiko for å knekke enn ei tann som ikkje er rotfylt (fig. II–III). Dersom rotfyllinga vert utsett for lekkasje over lengre tid, kan bakteriar kome til og lage ein ny infeksjon i den rotfylte tanna (fig. IV). Difor er det viktig å kontakte tannlegen snarast dersom delar av ei rotfylt tann knekk av.

På same måte kan eit djupt hol i tanna føre til at bakteriar kjem inn til rotfyllinga og infiserer denne på ny (fig. V–VIII). Det er difor svært viktig med grundig reinhald, òg kring rotfylte tenner. 

Små sprekkdanningar i tanna kan òg vere ein veg inn til rotfyllinga for nye bakteriar. Slike sprekkdanningar kan vere vanskelege å sjå, men tanna kan over tid vise symptom på infeksjon. 

Dersom ei rotfylt tann er restaurert med ei krone, vil det i utgangspunktet vere mindre fare for reinfeksjon av rotfyllinga. Dersom krona losnar og dett ut, kan nye bakteriar likevel kome til. Ta difor kontakt med tannlege snarast dersom dette skjer.

I nokre tilfelle kan rotkanalanatomien vere svært komplisert, som gjer det vanskeleg å fjerne alle bakteriane på ein tilfredsstillande måte. Dei bakteriane som er att, kan då gje oppvekst for nye bakteriar.

Behandling av tann med reinfisert rotfylling

Det ein ofte vil prøve først, er å gjere rotfyllinga på ny (revisjonsbehandling). Dette inneber at den gamle rotfyllingsmassen vert fjerna, og dei nye bakteriane vert reinska vekk. Så legg ein eit bakteriedrepande innlegg innvendig i tanna og let dette fungere nokre veker. Når tanna er fri for bakteriar, vert innlegget fjerna, og ein kan rotfylle tanna på nytt. 

Etter at rotfyllingsbehandlinga er fullført, må ein byggje tanna opp att. Dette kan ein gjere med ei fylling eller ved hjelp av ei krone. Ofte vil det vere ein fordel å restaurere tanna med ei krone for å beskytte tanna. Dette er dyrare enn ei fylling, men vil vere ei sterkare og finare løysing.

På grunn av vanskeleg rotkanalanatomi eller andre problem under behandlinga som hindrar kontroll over infeksjonen, kan det i nokre tilfelle vere mogleg å kombinere behandlinga med eit kirurgisk inngrep der ein kappar nokre millimeter av rotspissen (rotspissamputasjon).

I dei tilfella der reinfeksjon av rotfyllinga kjem av sprekkdanning i tanna, er det oftast ikkje mogleg å få kontroll på infeksjonen. Sjølv om den gamle rotfyllinga vert fjerna og tanna vert reinsa på nytt, vil sprekkar vere ein innfallsport for nye bakteriar. Då må ein kanskje fjerne tanna for å løyse problemet.

Å revidere ei rotfylling er ei tidkrevjande og kostbar behandling, særleg viss ein skal restaurere tanna med ei krone til slutt. Difor kan du be om eit kostnadsoverslag før behandlinga startar. Det er òg viktig å vere klar over at behandlinga ofte vert eit siste forsøk på å redde tanna – alternativet vil vere å fjerne tanna. 

Smerter og hevelse etter utreinsking

I samband med reinsking av ei tann med infeksjon kan bakteriebalansen forskuve seg slik at det oppstår smerter og hevelse. Litt smerte etter utreinsking er normalt, men viss det er teikn på infeksjonsspreiing, kan det vere naudsynt med antibiotika. Ta kontakt om du mistenkjer ei slik infeksjonsspreiing. 

Ved utreinsking av tenner utan infeksjon kan det kome smerter i tida etterpå. Dette er normalt og vil vanlegvis gå over etter nokre dagar.

Korleis er prognosen?

Prognosen ved revisjonsbehandling er generelt dårlegare enn ved førstegongsbehandling.

Kva kostar ei rotfylling?

Prisen på ei rotfylling er avhengig av tida som går med til behandlinga. Arbeidet er teknisk vanskeleg og tidkrevjande og strekkjer seg normalt over minimum to tannlegebesøk. I tillegg kjem kostnaden med å byggje tanna opp att. Difor kan ein få eit skriftleg kostnadsoverslag før behandlinga vert sett i gang.

Viktig!

  • I prosessen med å rotfylle ei tann vil ein normalt måtte rekne med ein periode med ei provisorisk fylling. Den provisoriske fyllinga skal hindre at nye bakteriar kjem inn i tanna mens behandlinga pågår. 
  • Den provisoriske fyllinga er først mjuk og vert gradvis sterkare. La den difor vere i ro, og vent minst ein time før du et.
  • Ei provisorisk fylling vert aldri så sterk som ei vanleg fylling. Ver difor forsiktig når du tygg. Ta kontakt dersom større bitar knekk av den provisoriske fyllinga.
  • Tanna kring den provisoriske fyllinga kan vere svekt. Ta kontakt dersom noko av tanna dett av.
  • Ikkje bruk tannstikkarar eller tanntråd i området ved den provisoriske fyllinga. Reingjer elles tanna som normalt.