Gingivitt er ein reversibel tilstand, og grundig reinhald kan gjere tannkjøtet friskt igjen:
• Børst tennene grundig med tannkrem morgon og kveld. Det er særleg viktig å fjerne belegget som ligg nærmast tannkjøtet. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta begynner å sprike.
• Mykje plakk og bakteriar samlar seg mellom tennene. Reingjer difor mellom tennene minst ein gong kvar dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. For å kome til mellom jekslane kan ein med fordel nytte ein tanntrådhaldar. Har ein større mellomrom mellom tennene, vil mellomromsbørstar eigne seg best. Desse kjem i ulike storleikar, og ein nyttar dei på same måte som tannstikkarar.
• Jamleg tannreingjering hjå tannlege eller tannpleiar er òg naudsynt for å sikre friske tilhøve i tannkjøtet. Kor ofte dette bør gjerast, er individuelt og avhengig av kor fort plakk og tannstein vert danna.