Kristin Hage Kielland

Kristin er tannlege og vart uteksaminert ved Universitetet i Bergen i 2014. Ho kjem frå Utvik og bur i Sogndal. Etter endt utdanning har ho jobba i den offentlege tannhelsetenesta i Sogndal og Gaupne. I 2023 starta ho som tannlege ved Luster tannklinikk. Hennar faglege og kliniske dyktighet, samt personlege ro, kjem pasientar og kollegaer tilgode. Vidareutdanning innan odontofobi gjer ho også ekstra kvalifisert til å behandle pasientar som gruar seg til tannbehandling.

Anne Lene Sygna Halleråker

Anne Lene er tannlege og kjem opprinneleg frå Sande i Sunnfjord og bur på Hafslo. Ho vart utdanna ved Universitetet i Bergen, og uteksaminert i 2006. Storparten av tida etterpå har ho praktisert yrket sitt i Sogndal og Gaupne, då først 10 år i den offentlege tannhelsetenesta i Sogndal. I 2018 starta ho Luster tannklinikk i Gaupne. Anne Lene har også ekstra sut for dei som kvir seg til møtet med tannlegestolen.

Sissel Kristiansen Brun

Sissel er tannpleiar og vart uteksaminert i Oslo i 1985. Ho kjem opprinneleg frå Årdal, og bur i Jostedalen. Mange kjenner ho nok frå før sidan ho har jobba som tannpleiar i Gaupne før ho starta hjå oss i 2021. Hennar lange kliniske erfaring, samt ro og tryggleik som person, kjem godt med. Ho undersøker tenner og tannkjøt, tek røntgenbilder og rensar tannstein. Tannpleiar og tannlegar samarbeidar tett om vidare behandling når det er behov for det.

Monica Beate Svendsøy

Monica er tannhelsesektretær, kjem frå og bur i Fortun, og var ferdig utdanna i Drammen i 1993. Ho har jobba største delen av tida i den offentlege tannhelsetenesta i Luster og Gaupne, og dermed opparbeidd seg lang erfaring i å handtere pasientar og ta del i den daglege drifta på ein tannklinikk. Ho vart med på laget til Luster tannklinikk frå oppstarten i 2018, og har vore ein stødig motor hjå oss sidan då. Ho er ei av dei venlege stemmene du møter i telefonen og elles på klinikken.

Veronika Kalhagen

Veronika er tannhelsesekretær og var ønska med på laget til Luster tannklinikk, og vart tilsett hjå oss i 2020. Ho kjem frå og bur på Hafslo. Hennar lange og breie erfaring innan både serviceyrket og helse og omsorg kjem godt med som del av drifta på klinikken vår. I 2023 var ho ferdig utdanna tannhelsesekretær. Veronika er ei imøtekomande og stødig dame, og er også ei av dei venlege stemmene du møter i telefonen og elles på klinikken.