Tørr i munnen

Funksjonane til spyttet

I munnen er det ulike kjertlar som produserer spytt. Sjølv om ein sjeldan tenkjer på det, har spyttet mange viktige funksjonar. Spyttet skal mellom anna

  • fukte slimhinnene i munnen slik at det er lettare å snakke
  • hindre hol i tennene ved å nøytralisere syrer som kan løyse opp tannemaljen
  • starte fordøyingsprosessen ved å lette tygging og svelging
  • reinse munnhola og hindre utvikling av sopp og bakteriar

Årsaker til at ein vert tørr i munnen

Dersom spyttkjertlane produserer for lite spytt, vil ein kunne oppleve dette som tørrleik i munnen. Den vanlegaste årsaka er biverknadar frå ulike legemiddel. Dette kan til dømes gjelde medisinar mot høgt blodtrykk, depresjon, astma og allergi.

Kreftpasientar som får strålebehandling mot dei store spyttkjertlane, vil kunne oppleve at
spyttproduksjonen vert svært redusert.

Vidare vil enkelte sjukdomar som mellom anna diabetes, reumatisme og Sjøgrens syndrom òg kunne føre til munntørrleik. Fleire opplever òg redusert spyttproduksjon når dei vert eldre.

Konsekvensar av munntørrleik

Munntørrleik kan ofte føre til at ein vaknar om morgonen og er ubehageleg tørr i munnen. Mange vaknar òg på grunn av behov for å drikke i løpet av natta. For dei som har protese (gebiss), kan det vere vanskelegare å få desse til å fungere.

Slimhinnene kan verte såre, og snakking, tygging og svelging kan kjennast ubehageleg om ein
produserer lite spytt. Samstundes vil smaksopplevinga av mat og drikke verte redusert.

Munntørrleik kan føre til auka risiko for hol i tennene, tannkjøtsjukdomar og soppinfeksjonar i
munnhola. Mange vil òg kunne oppleve dårleg ande som eit resultat av redusert spyttproduksjon.

Råd ved munntørrleik

Viss ein meiner munntørrleiken kan kome av medisinbruk, bør ein kontakte lege. Av og til kan ein redusere munntørleiken ved å endre doseringa eller byte til andre legemiddel.

Det finst fleire måtar å redusere eventuelle plager ved munntørrleik på.

Dette bør ein gjere:

  • Fokuser på godt reinhald for å unngå hol i tennene. Ikkje gløym reingjering mellom tennene. Godt reinhald vil i tillegg kunne verke førebyggjande mot tannkjøtsjukdomar og dårleg ande.
  • Bruke ekstra fluor, til dømes fluorskyljevatn, fluortablettar eller tyggjegummi med fluor. I tillegg til å styrkje tennene med fluor vil tygging eller suging stimulere spyttkjertlane til å produsere meir spytt.
  • Sugetablettar og tyggjegummi som inneheld xylitol, har god evne til å auke spyttproduksjonen. Tannklinikken eller apoteket kan gje deg gode tilrådingar.
  • Unngå småeting mellom måltida, og reduser sukkerinnhaldet i kosten. Drikk vatn.
  • Gå hyppigare til kontroll hjå tannlege eller tannpleiar slik at ein tidleg oppdagar utvikling av hol. Ein får òg moglegheit til grundigare tannreingjering, og tennene kan behandlast med effektiv fluorlakk.

Mange vil òg ha nytte av lindrande produkt som fuktar slimhinnene. Desse er å få tak i på apoteket eller hjå tannlegen.

For protesebrukarar er det svært viktig å halde innsida av protesane reine for å unngå sopp. Det er òg viktig med grundig, men skånsam reingjering av slimhinnene i munnen.

Stønad til tannbehandling

Det er tannlegen som vurderer om ein har krav på stønad til tannbehandling på grunn av munntørrleik. Reglane seier at ein får stønad til tannbehandling i dei tilfella der munntørrleiken på grunn av medisinbruk eller sjukdom har ført til auka kariesaktivitet. Merk at munntørrleik må dokumenterast over tid, minimum eit år.

Om ein har svært høg kariesaktivitet kombinert med svært låg spyttproduksjon, kan ein likevel gjere unntak frå observasjonstida på eit år.