Tannlegeskrekk

Kva er tannlegeskrekk?

Dei færraste likar å gå til tannlegen. Tannlegebesøket vert gjerne assosiert med noko ubehageleg, men dei fleste klarer likevel å gjennomføre behandlinga utan store problem. For personar som lid av tannlegeskrekk (odontofobi), er stoda annleis.
Undersøkingar fortel oss at fem til ti prosent av den vaksne befolkninga i Noreg ikkje går regelmessig til tannlegen, grunna angst for tannbehandling.

I dei mest alvorlege tilfella kan tannlegeskrekk gjere at ein vel å unngå tannbehandling heilt. Dette gjer at ein unngår å oppsøke tannlegen for å få hjelp, sjølv om ein har tenner som knekk, kraftig smerte eller infeksjonar i munnen. 

Andre er redde for tannbehandling, men i mindre grad. Dei klarer difor å gjennomføre behandling, men opplever den psykiske påkjenninga som stor. Dei kan òg vere avhengige av å ha med følgje under tannlegebesøket.

Det er forskjell på kva ein er redd for hjå tannlegen. Ofte er angsten knytt til boring, sprøyter eller lyden frå tannlegeinstrumenta. Generelt er ein ofte redd for å verte utsett for smerte i ein situasjon der ein i liten grad føler ein har kontroll.

Kva kjem tannlegeskrekk av?

Den vanlegaste årsaka til at folk utviklar tannlegeskrekk, er negative erfaringar hjå tannlegen som barn. Slike erfaringar er som regel kjenneteikna av to ting: smerte og ei kjensle av manglande kontroll i situasjonen. Negative opplevingar hjå tannlegen kan vere svært vanskelege å kome over.

Nokre av dei som lid av tannlegeskrekk, har ikkje nødvendigvis opplevd noko negativt hjå tannlegen sjølv, men dei har vorte serverte «skrekkhistorier» frå slekt og vener. Dette er noko å tenkje på når ein snakkar med borna sine om å gå til tannlegen.

For enkelte er tannlegeskrekken del av ei generell angstliding.

Kva kan ein gjere?

Tannlegeskrekk kan behandlast, men ein må bu seg på å vere tolmodig. Første steg er i det heile å bestille ein time og møte opp hjå tannlegen. Familie eller ein nær ven kan ofte gje ein den støtta og oppmuntringa ein treng for å møte til tannlegebesøket. Dei kan òg vere med inn på behandlingsrommet om det er ynskjeleg. Det er viktig å opplyse tannlegen om tannlegeskrekken, slik at ein kan ta omsyn til dette allereie før ein går i gang med behandlinga.

Ei gradvis tilvenning til behandling, der ein som pasient opplever å få kontroll over situasjonen, kan vere ein effektiv metode for å behandle tannlegeskrekken. Behandlinga vert delt opp i mindre delar, der kvart trinn skal meistrast før ein går vidare til neste. På denne måten vil pasienten oppleve kontroll og meistring og etter kvart verte i stand til å gjennomføre tannbehandlinga på vanleg måte.

For nokre kan det òg vere aktuelt at behandlinga vert utført med roande medisin. Nokre tannlegar tilbyr òg behandling der pasienten får lystgass. Tannlegen vil sørgje for å gjere sjølve behandlinga så smertefri som mogleg. 

Om ein har eit særleg stort behandlingsbehov kombinert med kraftig tannlegeskrekk, kan
behandling under narkose vurderast.

Kvar helseregion har oppretta spesialiserte team som behandlar pasientar med odontofobi. Teama består av psykolog og tannlege og er organisert av Tannhelsetenestas kompetansesenter. Behandlingsmålet for teama er å behandle angsten til pasientane i tannbehandlingssituasjonen, slik at dei vert i stand til å meistre tannbehandling hjå vanleg tannlege.