Tanngnissing / tannpressing

Tanngnissing er eit relativt vanleg problem. Ein reknar med at om lag fem prosent av den vaksne befolkninga i periodar er plaga med denne tilstanden. Dei fleste gnissar tenner om natta mens dei søv, og er difor ikkje klar over problemet sjølv. Andre kan gnisse tenner på dagtid, til dømes når dei konsentrerer seg.

Teikn på tanngnissing

Om ein over lengre tid har vore plaga med tanngnissing, vil ein kunne sjå dette på tennene. Tennene vil slitast og få rette kantar. Ein kan òg slite seg gjennom det ytste laget på tennene (emaljen) slik at tannbeinet (dentinet) vert synleg. Dette kan føre til at tennene vert meir ømfintlege og følsame i det daglege.

Tanngnissing/-pressing kan også medføre slitasje på fyllinger, samt bidra til utvikling av sprekk-dannelser i tennene.

De som gnisser tenner om natten kan våkne med ømhet i kjevemuskulaturen. Dette kan lett forplante seg videre til nakke, skuldre og tinninger og på denne måten bidra til utvikling av spenningshodepine.

Til sist vil tanngnissing kunne verke forstyrrande på nattesøvnen for både ein sjølv og for ein partnar. Lyden av tanngnissing kan hjå enkelte vere svært høg.

Behandling av tanngnissing

Ofte vil tanngnissing finne stad i periodar med psykisk stress. Det kan til dømes dreie seg om travle eksamensperiodar eller ein vanskeleg jobb- eller familiesituasjon. Det kan difor vere ein fordel å utføre avslappingsøvingar før innsovning (autogen trening). Om kroppen og muskulaturen er avslappa idet ein sovnar, er det mindre fare for tanngnissing i løpet av natta.

Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, og ein fryktar større skadar på tennene, er det mogleg å få framstilt ei bitskjene hjå tannlegen. Denne er vanlegvis laga i hard plast og fungerer som ein tannbeskyttar. Slik vil tanngnissinga gå ut over bitskjena i staden for tennene. Mange vil òg oppleve at kjevemuskulaturen slappar meir av om ein nyttar bitskjene. Slik kan ein redusere følgjeplager som spenningar i nakke og skuldrer og hovudverk.

Ved langvarig og alvorleg tanngnissing kan tennene etter kvart verte svært slitne. Dette kan gå ut over både funksjonen og utsjånaden til tennene. I slike tilfelle kan det vere naudsynt å byggje opp att tennene anten ved hjelp av fyllingar eller med kroner. Dette kan vere ei kostbar og omfattande behandling og kan i enkelte tilfelle utløyse trygdestønad. Det er tannlegen som vil vurdere om tilstanden er så alvorleg at den vert omfatta av dette regelverket.

Tanngnissing hjå born

Det er ikkje uvanleg at born skjer tenner om natta. Sjølv om det høyrest ille ut, er det oftast heilt ufarleg. Det er ikkje vanleg å behandle born som er plaga med tanngnissing, og for dei fleste vil tanngnissinga gje seg når mjølketennene etter kvart vert erstatta med permanente tenner.