Tannframbrot

Mjølketenner:

Eit komplett mjølketannsett har 20 tenner. Dei første tennene som bryt fram, er vanlegvis
framtennene i underkjeven. Dette skjer som regel når barnet er 6–8 månadar gammalt. Dei siste mjølketennene som kjem, er dei bakarste jekslane i overkjeven. Dette skjer ved 2 ½-årsalderen. Sjå skjemaet (fig. I) for ei meir fullstendig oversikt over frambrot av mjølketenner.

Tala i frambrotsskjemaet er gjennomsnittstal. Det er difor viktig å hugse på at tidspunktet for frambrot kan variere med fleire månadar, og at mykje er innanfor «normalen».

Permanente tenner:

Når dei permanente (vaksne) tennene utviklar seg, løyser dei opp røtene til mjølketennene. Dette gjer at mjølketennene losnar og fell ut. Det er som regel framtennene i underkjeven barnet mistar først. Dette skjer slik at dei permanente framtennene kjem fram i 5–6-årsalderen. Om lag på same tid vil seksårsjekslane bryte fram. Dei siste mjølketennene som vert felte, er som regel dei bakarste jekslane i overkjeven. Sjå skjemaet (fig. II) for ei meir fullstendig oversikt over frambrot av permanente tenner. 

Som for mjølketenner kan tidspunktet for frambrot variere med fleire månadar, og her òg er mykje innanfor «normalen».