Stift og krone

Dersom ei rotfylt tann knekk, kan ein ofte byggje den opp att. Dersom det er att lite tannsubstans (fig. I), må ein først montere ein stift i den rotfylte tanna. Funksjonen til stiften er å forankre oppbygginga til tanna.

Framstilling av stift og krone

Før stiften kan verte montert, må ein kontrollere rotfyllinga til tanna. Viss rotfyllinga ikkje lenger held mål, bør den gjerast om igjen før ein set stiften på plass.

Dersom ein vurderer at rotfyllinga er tett og av god kvalitet, vert ein del av rotfyllingsmassen fjerna for å gjere plass til stiften (fig. II). Så kan ein feste stiften med ein eigna sement (fig. III). Ein byggjer så opp ein masse (konus) kring stiften og sliper og formar til denne (fig. IV). No kan ein ta avtrykk av den slipte tanna, sende dette til ein tannteknikar og få den ferdige krona tilbake klar for sementering (fig. V og VI). Heile prosessen tek vanlegvis éi til to veker.

Å restaurere ei tann ved hjelp av stift og krone er ei tidkrevjande og kostbar behandling. Difor vil du kunne få eit kostnadsoverslag før ein set i gang med behandlinga.

Framstilling av stift og fylling (alternativ behandling)

Eit rimelegare alternativ vil vere å byggje opp tanna med ei fylling av kompositt (plast). Fyllinga vert forma til og bygd opp kring stiften (fig. VII). Dette vert normalt rekna som ei svakare løysing, med dårlegare estetikk samanlikna med ei krone. 

Tannlegen kan informere om kva for nokre alternativ som er moglege i kvart enkelt tilfelle.

Moglege komplikasjonar

Behandling med stift og krone (eller fylling) er i dei fleste tilfelle ei god og trygg behandling. Ver likevel merksam på følgjande: 

  • Forma til rotkanalen kan føre til rotperforasjon når ein borar for å gjere plass til stiften. I slike tilfelle er det ofte naudsynt å ta vekk tanna.
  • Ei tann som er rotfylt og har stift og krone, vil aldri vere like sterk som ei frisk tann. Når ein tygg, kan belastinga på stiften verte stor, og stiften/tanna kan knekke.
  • Ei rotfylt tann med stift vil alltid vere meir utsett for utvikling av sprekkdanningar i rota. Det kan i verste fall føre til at ein må trekkje tanna.
  • Sjølv om rotfyllinga tilsynelatande er av god kvalitet når stiften vert montert, kan det likevel ha kome bakteriar ned langs den gamle rotfyllinga. Det kan vise seg på eit seinare tidspunkt ved at tanna vert øm å tyggje på. Dette kjem av bakteriar som lagar ein infeksjon i kjevebeinet kring rotspissen. 

Det kan òg kome hol i ei rotfylt tann som har stift og krone. Det svake punktet er overgangen mellom tanna og kronekanten. Difor er det viktig å vere nøye med reinhaldet i dette området.