Reinhald av tennene

For å unngå problem med tenner og tannkjøt er det viktig med eit fornuftig kosthald og godt reinhald. Her følgjer nokre råd om korleis du best kan ta vare på tennene dine:

  • Ha regelmessige måltid, og unngå småeting mellom måltida. Om du må ete noko mellom måltida, ta frukt eller grønsaker i staden for noko søtt.
  • Reduser inntaket av sukkerhaldig mat og drikke. Brus kan til dømes erstattast med vatn som tørstedrikk. 
  • Vent ein time med å pusse tennene etter inntak av syrleg mat og drikke. Avslutt gjerne måltidet med basiske matvarer som til dømes ost eller mjølk.
  • Børst tennene grundig med tannkrem morgon og kveld. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når busta begynner å sprike.
  • Reingjer mellom tennene minst ein gong per dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. For å kome til mellom jekslane kan ein med fordel bruke ein tanntrådhaldar. 
  • Har ein større mellomrom mellom tennene, vil mellomromsbørstar eigne seg best. Desse kjem i ulike storleikar, og ein bruker dei på tilsvarande måte som tannstikkarar. Mellomromsbørstar er spesielt godt eigna til å halde reint dersom du har ei bru. Ein tannlege eller tannpleiar kan hjelpe deg med å velje korrekt storleik på børsten.
  • Tunga er ein plass der det samlar seg mykje bakteriar. Desse kan framkalle dårleg ande. Ein tungebørste eller tungeskrape vil effektivt fjerne bakteriar frå tungeryggen og på den måten bidra til friskare tilhøve i munnhola. Bakteriebelegg på tunga kan òg fjernast med tannbørsten.
  • Ekstra bruk av fluor vil vere med på å styrkje tennene. Dette finst mellom anna i form av tablettar og skyljevæske og kan brukast dagleg.

Sjølv om både kosthald og reinhald er godt, bør ein få munnen kontrollert hjå tannlege eller tannpleiar kvart år. Slik vil ein kunne oppdage hol i tennene, tannkjøtsjukdomar eller infeksjonar i munnhola som bør behandlast.