Mange er i periodar plaga med ising i tennene. Den vanlegaste årsaka til slike plager er følsame tannhalsar.
Figur I viser ei tann i snitt med normale tannkjøttilhøve. Me ser at tannkjøtet ligg tett inntil tannkrona. Feil bruk av tannbørsten, eller ein betennelse i tannkjøt og tannfeste, kan over tid få tannkjøtet til å trekkje seg tilbake (fig. II). Den blottlagde rotoverflata er ikkje beskytta av emalje og vil ofte vere følsam for kulde, syrleg mat og drikke eller ved berøring, til dømes ved tannbørsting.
På lengre sikt kan feil børsteteknikk føre til slitasjeskadar på sjølve tanna (fig. III). Dersom skaden vert djup, kan det verte naudsynt å restaurere tanna med ei fylling (fig. IV).