Implantat

Eit implantat er ein liten skrue i titan som vert operert inn i kjevebeinet der det manglar ei tann (fig. I–II). I løpet av nokre veker lækjest kjevebeinet kring implantatet, slik at implantatet kan fungere som feste for ei tannerstatning, til dømes ei krone i porselen (fig. III–IV). Moderne implantatbehandling er ei sikker og trygg behandling med svært god haldbarheit og prognose.

Implantatbehandling er ein prosess som krev grundig undersøking og nøye planlegging på førehand. Behandlinga strekkjer seg som regel over fleire veker og krev mange tannlegebesøk.

Behandlinga steg for steg:

1. Innsetjing av implantat (fikstur). Operasjonen vert utført med lokalbedøving og er smertefri. Vanlegvis får ein resept på penicillin og smertestillande tablettar før operasjonen. Etter inngrepet får ein meir utfyllande informasjon. Slik veit ein kva ein skal gjere i tida etter operasjonen. 

2. Læking. Det tek vanlegvis 8–12 veker før ein kan belaste implantatet. Som regel tek det kortare tid for underkjeven å lækjast enn overkjeven.

3. Montering av distanse. Distansen vert montert som ei forlenging av implantatet og skal fungere som feste for tannerstatninga.

4. Framstilling og montering av tannerstatning. Dette krev to eller fleire tannlegebesøk alt etter kva type tannerstatning ein skal lage.

Kva kostar implantatbehandlinga?

Implantatbehandling er ei omfattande og kostbar behandling. Difor bør du få eit skriftleg kostnadsoverslag før behandlinga vert sett i gang. Generelt kan ein seie at prisen er avhengig av kor mange implantat som skal setjast inn, og kva for ein konstruksjon som skal festast til implantata.

Ein kan nytte implantatbehandling til følgjande:

  • Erstatte éi tann. Då unngår ein å slipe ned nabotennene for å få feste til ei vanleg bru. Dette er særleg ein fordel der nabotennene er utan hol og fyllingar.
  • Erstatte fleire tenner. Då kan ein operere inn to eller fleire implantat og feste ei keramisk bru på desse.
  • Erstatte alle tennene i kjeven. Implantata vil då fungere som feste for ein heilprotese eller for ei større keramisk bru. Denne typen konstruksjon har fleire fordelar i forhold til ein vanleg protese.

Kven kan få implantat?

Dei aller fleste kan få sett inn implantat, og høg alder er i seg sjølv inga hindring. Ei grundig forundersøking er likevel naudsynt før ein set i gang med behandlinga. Ein tek røntgenbilete for å vurdere høgda og kvaliteten på kjevekammen, og munnhola må vere fri for infeksjonar og tannlosningssjukdom (periodontitt).

For å gjere inngrepet så trygt som mogleg er det òg viktig med oppdaterte helseopplysingar. Ver venleg å gje beskjed om

  • medisinbruk
  • sjukdomar
  • allergiar
  • unormal blødingstendens
  • tidlegare komplikasjonar i samband med tannbehandling
  • graviditet
  • angst for tannbehandling

Moglege komplikasjonar ved implantatbehandling

Den første tida etter at implantatet er sett inn, kan ein oppleve ein viss hevelse og blåmerke i andletet. Dette er normalt, særleg dersom fleire implantat vert sette inn på same tid. Ein kan òg oppleve å verte nomen i operasjonsområdet, men dette er med svært få unntak forbigåande.

Nokre er disponerte for å få tannlosningssjukdom (periodontitt). Det kan òg kome nedbryting av kjevebein kring implantat, og dette vert då kalla for peri-implantitt. Dette kan i verste fall føre til at implantatet losnar og må fjernast.

Merk òg at implantatskruen ikkje har same fasong som ei tannrot, og at det difor kan vere vanskeleg å gje overgangen mellom implantat og krone ein naturleg utsjånad.

For å få best mogleg prognose må ein

  • ha munnen fri for infeksjonar og periodontitt før det vert utført implantatbehandling
  • slutte å røyke
  • halde grundig reint kring implantata – hugs at krava til munnhygiene og regelmessige kontrollar hjå tannlegen er dei same som for naturlege tenner

Den nye tannerstatninga vert dagleg utsett for store krefter når ein tygg. Det kan over tid føre til at bitar av porselen eller plast knekk av. Dersom estetikk eller funksjon vert vesentleg svekt, kan det vere naudsynt å framstille ny krone, bru eller protese.