Estetisk tannbehandling

Puss og polering

Mykje av det me et og drikk i det daglege, kan misfarge tennene. Dette gjeld til dømes kaffi, te, røyk, snus og raudvin. Slike misfargingar legg seg som eit mørkt belegg på tannoverflata og kan vere vanskeleg å fjerne sjølv.

Tannlegen eller tannpleiaren kan fjerne overflatisk misfarging ved å pusse og polere tennene. Då nyttar ein vanlegvis ein spesiell pussepasta med ekstra slipemiddel. Alternativt kan ein nytte saltblåsing for å fjerne misfargingane. Det er normalt at ein samstundes fjernar tannstein, sidan det òg set seg misfarging her.

Sjølv om tennene kan sjå lysare ut etter puss og polering, er det ikkje den eigentlege fargen til tennene som er endra. Dersom ein ynskjer lysare tenner, må ein gjere det med tannbleiking.

Ynskjer du mindre misfarging på tennene?

Det mest openberre ein kan gjere for å få mindre misfarging på tennene, er å redusere inntaket av matvarer som misfargar – kaffi, te, røyk, snus og så vidare. I tillegg vil grundig reinhald redusere danning av nye misfargingar – her vil ein elektrisk tannbørste vere særleg effektiv. Det finst òg spesialtannkrem som inneheld ekstra slipemiddel. Slike tannkremar bør ein vere forsiktig med å bruke, sidan overdriven bruk kan gje slitasjeskadar på tennene. 

Tannbleiking

Tannlege eller tannpleiar kan pusse og polere vekk ytre misfarging på tennene. Dette forandrar ikkje sjølve tannfargen, men kan i mange tilfelle gje eit godt resultat.

Ynskjer ein lysare tenner, er det derimot naudsynt med tannbleiking. Dette kan ein anten utføre heime eller på ein tannklinikk. Det vert då nytta bleikemiddel som trengjer inn i tanna og tek vekk fargestoff og indre misfarging.

Klinikkbleiking

Ved klinikkbleiking vert bleikinga utført mens ein sit i tannlegestolen. Først legg ein beskyttelse på tannkjøtet. Deretter påfører ein bleikemiddel på framsida av tennene som skal verte bleikte. Heile prosessen tek normalt éin til to timar, og bleikeresultatet er synleg når behandlinga er ferdig. 

Heimebleiking

Dersom ein skal nytte seg av heimebleiking, må ein først ta ei avstøyping av tennene og lage ein gipsmodell. Ein nyttar gipsmodellen til å framstille ei bleikeskjene. Bleikeskjena passar perfekt over tennene og er difor ikkje ubehageleg å ha i munnen. 

Det finst ulike typar heimebleiking

Nattbleiking

Bleikemiddelet vert nytta mens ein søv. Det er tilrådd at ein bleiker 6–8 timar per natt. Kor mange dagar varierer – anten til ein har oppnådd resultatet ein ynskte, eller til det ikkje er meir bleikemiddel att.

Dagbleiking

Bleikemiddelet vert nytta i løpet av dagen. Kor mange dagar varierer – anten til ein har oppnådd resultatet ein ynskte, eller til det ikkje er meir bleikemiddel att.

Framgangsmåte ved heimebleiking

  1. Puss tennene nøye, og reingjer eventuelt med tanntråd. Skyl munnen med fluor.
  2. Bleik berre éin kjeve om gongen.
  3. For dei tennene som skal verte bleikte: Plasser ein liten drope gel i den delen av skjena som skal på framsida av tennene. Tilpass mengda gel til storleiken på dei respektive tennene (små tenner = mindre gel, store tenner = meir gel).
  4. Set tilbake hetta på sprøytespissen.
  5. Tørk vekk spytt frå tennene som skal verte bleikte.
  6. Plasser skjena over tennene og pass på at den sit skikkeleg på plass.
  7. Tørk vekk overflødig gel frå tannkjøtet.
  8. Bleikeperioden kan no starte.

Når bleikeperioden er ferdig

  1. Ta bleikeskjena ut av munnen og fjern restar av bleikemiddelet frå tenner og tannkjøt.
  2. Skyl munnen med fluor i 2 minutt.
  3. Reingjer skjena forsiktig i kaldt vatn med hjelp av tannbørsten. Det er viktig å ikkje bruke varmt vatn, sidan dette kan deformere/øydeleggje skjena.

Viktig når ein skal bleike

Det er på førehand vanskeleg å seie korleis bleikeresultatet vert. Resultatet varierer frå person til person, men dei aller fleste får kvitare tenner etter fullført bleiking. Her kjem nokre generelle råd ein bør følgje for å oppnå eit best mogleg resultat.

  • Det er tilrådd at ein tannlege eller tannpleiar har vurdert tenner og tannkjøt før ein set i gang med bleikinga.
  • Ikkje bruk andre bleikemiddel enn dei som er kjøpt frå ein tannlege eller tannpleiar.
  • Fyllingar og keramiske kroner vert ikkje påverka av bleikemiddelet, og vert difor ikkje lysare. Det kan difor vere naudsynt å skifte synlege fyllingar etter at ein er ferdig med bleikinga.
  • Unngå i størst mogleg grad produkt som kan misfarge tennene i bleikeperioden – vin, te, kaffi og tobakk. Tennene vil i denne perioden vere meir mottakelege for fargestoff. Å bruke desse produkta kan difor gjere bleikeresultatet dårlegare. Det er tilrådd å halde bruken av desse produkta til eit minimum i inntil to–tre veker etter avslutta bleikeperiode.

Andre råd ein bør følgje

Det er nyttig å skylje munnen med fluor i bleikeperioden for å unngå eventuell ising i tennene. Spesialtannkrem mot ising kan òg vere til god hjelp for mange. Dersom det oppstår plagsame smerter, bør ein avbryte bleikinga og kontakte tannlegen.

  • For mykje bleikemiddel i skjena kan gjere tannkjøtet sårt. Vent nokre dagar og prøv igjen.
  • Gravide kvinner skal ikkje bleike under svangerskapet. Det er òg tilrådd at ammande kvinner unngår å bleike tennene.
  • Bruk og oppbevar bleikemiddelet i samsvar med tilrådinga frå fabrikanten.
  • Ikkje nytt tobakksprodukt mens bleikeskjena er i munnen.
  • Ikkje et mat mens bleikeskjena er i munnen.