Dårlig ånde

Dårleg ande kan ha fleire årsaker, men kjem ofte av tilhøve i munnhola. Der finn ein bakteriar som bryt ned matrestar og dannar illeluktande svovelgassar.

Mange er gjerne ikkje klar over at dei har dårleg ande. For å finne ut om ein har det, kan ein til dømes lukte på ein tanntråd som er brukt mellom tennene bak i munnen.

Kva kan ein gjere for å hindre dårleg ande?

  • Børst tennene grundig med tannkrem morgon og kveld. Ein sliten tannbørste er lite effektiv. Byt difor børsten når du ser at busta begynner å sprike. Har du protesar, må desse òg haldast grundig reine.
  • Mykje plakk og bakteriar samlar seg mellom tennene. Reingjer difor mellom tennene minst ein gong per dag. Dersom tennene står tett, vil tanntråd vere eit effektivt hjelpemiddel. For å kome til mellom jekslane kan ein med fordel bruke ein tanntrådhaldar. 
  • Har ein større mellomrom mellom tennene, vil mellomromsbørstar eigne seg best. Desse kjem i ulike storleikar, og ein bruker dei på same måte som tannstikkarar.
  • Tunga er òg ein plass der det samlar seg mykje bakteriar som kan framkalle dårleg ande. Ein tungebørste vil effektivt fjerne bakteriar frå tungeryggen og på denne måten bidra til friskare tilhøve i munnhola. Ein kan òg bruke tungeskrape eller vanleg tannbørste for å reingjere tunga. 
  • Sinkhaldige preparat kan òg vere med på å nøytralisere dårleg ande. Desse kjem mellom anna i tablettform, som tannkrem med sink eller som skyljevæsker.
  • Hugs å ete regelmessig. Dersom ein ikkje et regelmessig, vil cellene i kroppen begynne å bryte ned feitt. Dette kan gje dårleg ande.
  • Å ete stimulerer òg spyttproduksjonen og er dermed med på å nøytralisere dårleg ande.
  • Få munnen kontrollert hjå tannlege eller tannpleiar kvart år. Slik vil ein kunne oppdage hol i tennene, tannkjøtsjukdomar eller infeksjonar i munnhola som kan gje dårleg ande.

Andre tilhøve som kan gje dårleg ande

Enkelte sjukdomar kan òg gje dårleg ande. Dømer på slike er betente mandlar, luftvegsinfeksjonar, diabetes og leversjukdom. I tillegg vil munntørrleik gje gode tilhøve for bakterievekst og kan dermed òg gje dårleg ande.

Dersom ein mistenkjer at slike tilhøve er årsaka til dårleg ande, bør ein kontakte fastlegen.